spacerMeny spacer
spacer
   

Olaf Storø og Anne B. Ragde startar kunstsesongen på Ryvarden

collage - filmkulturell dag

Ryvarden har gleda av å invitere deg/dykk til Filmkulturell dag - lørdag 13. mars frå kl. 12.00 - 24.00

Programmet denne dagen inneheld også opning av kunstutstillinga 2 ROP frå ARKTIS som er eit samarbeid mellom Olaf Storø og Anne B. Ragde.  Kunstutstillinga med litografi og tekst vert offisielt opna kl. 13.00 av forfattaren Einar Økland.

Film, litteratur, musikk, teater, kunst - ein rød tråd. 

Filmen - og då den norske kort-dokumentar og arkivfilm som har hav og kyst som hovudtema, vil få plass hjå oss. Det vert innslag av musikk og teater, og visning av eit utval av musikkvideoer av heavymetal gruppa ENSLAVED. Medlemmer frå gruppa vil då vere til stades.

Både Olaf Storø og Anne B.Ragde kjem til å vere med heile denne dagen, og vi kan love eit innhaldsrikt og spennande program.

Billettar kan kjøpast hos Sveio Café & Catering og hos Dahl Rammeservice i Haugesund frå og med torsdag 18. februar.

Billettpris kr. 250,-     Ikkje vent med å sikre deg billett - det er eit svært begrensa tal billettar for sal! 

Velkommen til ein spennande dag på Ryvarden Kulturfyr!    Kaféen er open heile dagen.               

Se program under "Les mer"

 

PROGRAM:

12.00 -              Galleriet opnar

13.00 -  14.00    Utstillingsåpning. "Champagnegalopp" med Olaf Storø og Anne B. Ragde. Forfattar Einar Økland foretar den offisielle opninga.

14.00 -   Minikonsert med Berit Meland (sang) og Bjørn Gundanes (Perkusjon)

15.00 -    Stumfilm: Terje Vigen (1916) med musikk av Ketil Bjørnstad

16.30 - 17.30:    ENSLAVED - MUSIKKVIDEOER. Grutle Kjellson- vokal/bass, og Ivar Bjørnson - gitarist, vil vere tilstades og presentere videoene.

17.30 - 18.00:    PAUSE - Sal av mat og drikke

18.00 - 19.00:    En drøm blir virkelighet - en eventyrlig reise, av Bjørn Nysveen  "Bli med til Svalbard"

19.00 - 19.15:    "Den glemte norske filmstjernen Kirsten Heiberg" - en kort introduksjon

19.15 -      GLAMOUR FOR GOEBBELS - utdrag av teaterforestillingen om Kirsten Heiberg, Haugesund Teater. Skuespiller Elsa Aanesen med pianist.

19.45 - 20.00  Pause

20.00 - 20.15  Berit Meland - sang

20.15 - 21.15:    Filmoverraskelse

21.15 -22.00:      PAUSE - SAL AV MAT OG DRIKKE

22.00 - 23.00:    KORTFILMILMPROGRAM - GRØSS OG SKRØMT fra Norsk  filminstitutt. Innledning: Ingrid Dokka, Norsk filminstitutt

23.00 - 24.00:    "Nachspiel i Galleriet: Samtale med Olaf Storø og    Anne B. Ragde: "Om grenseløs kunst i grenseløse landskap" - en     betrakting rundt Storøs bilder og Ragdes tekster.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 53740041/53748000

Faks
: 53748001
Opningstid
: Frå 16. mars: Galleriet og kafén er open alle søn- og helgedagar kl. 11-16. Velkommen!
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS