spacerMeny spacer
spacer
   
Sleeping alone
Rannveig B.
Circles in brent sienna
Rannveig B. 1
Barbeque
Rannveig B. 2
Kusymra
Rannveig B. 3

Rannveig Barstad som utstillar i mai og juni

Det er igjen ei glede å invitere til utstillingsopning i Galleri Ryvarden. Og i mai og juni kan vi ønskje velkommen til akvarellutstilling med

Rannveig Barstad

Utstillinga vert offisielt opna søndag 02. mai kl. 13.00 ved ordførar i Bergen, Gunnar Bakke

 Utstillinga står til og med 27. juni og er ope alle søn- og helgedagar kl. 11-16. Med unnatak av 17. mai.

Rannveig Barstad har tidlegare besøkt Ryvarden med spennande utstillingar i 2001 og 2006.

Ho "hoppa" av reklamebransjen i 1998, då ho tok skrittet fullt ut og tok fulltidsstudie som kunststudent.

Etter fleire år akryl, olje, håndlaga papir, grafikk, smykkedesign, installasjon m.m blei ho fasinert av akvarellmaling kor ho har funnet si eiga uttrykksform. Ho arbeidar med forenkling utan å miste innhald, farger og former metta med symbol - og forskar i eit poetisk biletspråk mellom det konkrete og abstrakte.

Rannveig har lidd av "kugalskap" i mange år. Det dukkar opp kyr på dei raraste tider i alle former. Ein lek med ord, form og fantasi. Deler av utstillinga hennar vil vise desse kyrne som har høgst forskjellige eigenskap og personlighet.

Kunstnaren har etter avslutta utdanning innan kunstfaget, hatt ei rekkje utstillingar.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 53740041/53748000

Faks
: 53748001
Opningstid
: Alle søndager kl. 11-16. Velkommen!
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS