Rannveig Barstad har tidlegare besøkt Ryvarden med spennande utstillingar i 2001 og 2006.
Ho "hoppa" av reklamebransjen i 1998, då ho tok skrittet fullt ut og tok fulltidsstudie som kunststudent.
Etter fleire år akryl, olje, håndlaga papir, grafikk, smykkedesign, installasjon m.m blei ho fasinert av akvarellmaling kor ho har funnet si eiga uttrykksform. Ho arbeidar med forenkling utan å miste innhald, farger og former metta med symbol - og forskar i eit poetisk biletspråk mellom det konkrete og abstrakte.
Rannveig har lidd av "kugalskap" i mange år. Det dukkar opp kyr på dei raraste tider i alle former. Ein lek med ord, form og fantasi. Deler av utstillinga hennar vil vise desse kyrne som har høgst forskjellige eigenskap og personlighet.
Kunstnaren har etter avslutta utdanning innan kunstfaget, hatt ei rekkje utstillingar.