Lokal lansering av bok om Ramna-Floké
Ryvarden har som kanskje mange kjenner til, tilknytning til gammal historie om høvdingen og vikingen Floke Vilgjerdson, eller som han vart kalla - Ramna-Floké.
Ramna-Floké levde i Smørsund, og i følgje historia så låg han på Ryvardsneset og venta på bør for å reisa over havet - han ville jakta nytt land.
Prosjektet Ramna-Floké er eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Island. Boka, med tekst av den norske forfattaren Sylvelin Vatle og illustrasjonar av den islandske kunstnaren Sveinbjörg Hallgrimsdóttir, kom ut på norsk av Det Norske Samlaget no i august, og kjem ut på Islandsk neste år.
SYLVELIN VATLE: RAMNA-FLOKE
Ei sann historie om vågemot og brennande kjærleik
Harald Hårfagre herjar langs kysten, men Ramna-Floke vil ikkje underkaste seg trollkongen og spøkelsa hans. Han vil finne nytt land og sjølv bli konge. Floke legg ut på havet. Med seg har han tre døtrer, folk og husdyr. Øya dei kjem til, er vakker, men full av farlege løyndommar. Dette er historia om Ramna-Floke, vestlendingen som gav namn til Island.
Illustrert av Sveinbjörg Hallgrimsdóttir.
Forfattaren Sylvelin Vatle kjem frå Osterøy og bur i Stavanger. Ho har skrive ei rekkje bøker for vaksne, barn og unge.
Målgruppe: 10-15 år.
Offisiell opning av ny kunstutstilling - Ramna-Floké
I samband med lanseringa av den nye boka om Ramna-Floké vert det også same dag opna ny kunstutstilling.
Kunstnaren Sveinbjörg Hallgrimsdóttir frå Island har illustrert i boka og alle desse bileta vert stilt ut i Galleri Ryvarden i september. I tillegg kjem ho også til å stille ut eit utval av andre arbeid.
Sveinbjörg Hallgrimsdóttir er født på Island i 1957. Ho har solid kunstutdanning og har sidan 1992 hatt eige studio. Ho driv i dag også sitt eige galleri på Island - Galleri Svartfugl.
Kunstnaren har delteke på ei rekkje utstillingar - både separat og kollektivt. Hennar arbeid har blitt publisert over heile verda, inkludert også i offentlege samlingar hos Finlands president og kongen av Sverige.