Kazimierz Twardowski frå Polen er månadens utstillar på Ryvarden.
- Født i 1952 i Olszanka i Polen
- Har studert kunst ved Secondary School of Art i Tarnów, og uteksaminert frå Fine Arts ved Nocholaus Copernicus University i Torun i 1977
- Frå 1975 har akvarellane hans vore stilte ut i ei rekkje land; Polen, Tyskland, Austerrike, Holland, Japan, Canada, Mexico, Noreg og Frankrike
- I 1997 kom han til Noreg for fyrste gong, og har sidan vore tilbake kvart år.
- Han har i Frankrike motteke gullmedalje innan teknikken akvarellmaling.
Kunstnaren er ein kunstnar som har valt å vie arbeidet sitt til å fortelje historia om det vakre i verda. Han er ikkje redd for å bli karakterisert som ein tradisjonell kunstnar. Som ein av dei moderne meistrane av teknikken, er han ein etterfylgjar og vidarefører av det beste innan polsk akvarellmaling. Under hans talrike kunstnariske reiser søkjer han etter pittoreske stadar som kan tene som kjelde til inspirasjon. Lufta han målar er så ekte at ein nesten pustar den. Han målar noko som ikkje eksisterer, noko som du kan oppfatte - men ikkje kan sjå.
Kunstnaren skal bu og ha arbeidsopphald på fyret fram til 17. oktober.