spacerMeny spacer
spacer
   

Ledige stillingar som kafévert

Brownies

Kafévertar skal tilsetjast i kafé og/eller ved ulike lukka arrangement for sesongen 2012, mars - desember. Passar godt som ekstrajobb.

Nærare opplysningar kan du få hos Gunn Bente Håvardsholm
tlf. 53 74 80 00/951 95 800

Søknadsfrist 03. februar 2012

Galleri Ryvarden med kafé er ope alle søn- og helligdagar i sesongen. I sommarsesongen er galleriet også ope onsdag og lørdag. I tillegg vert galleriet brukt til lukka arrangement som selskap, kurs- og konferanselokale. 

Ryvarden Kulturfyr ligg i Sveio kommune lengst sør i Hordaland like nord for Haugesund. Det ligg vakkert til på eit nes som stikk godt ut i fjorden, med utsikt til Bømlafjorden nordover og til Sletta sørover. Sveio kommune har sidan 1992 disponert bygningar og eigedom og utvikla Ryvarden til eit populært utfartsmål for innbyggjarane i Sveio, Sunnhordland og Haugalandet.

Den gamle fyrbetjentbustaden er omgjort til Galleri Ryvarden som også vert brukt til selskaps, kurs- og konferanselokale. I løpet av ein sesong, som strekker seg frå påske til desember, har vi 6 forskjellige kunstutstillingar og over 30.000 besøkande.

Fyrmesterbustaden vert brukt som kunstnarbustad, gjestebustad og utleigeobjekt og har 5 soverom med plass til 8-10 personar. Det gamle reiskapshuset er bygd om til atelier og vert nytta av kunstnarar som har arbeidsopphald på Ryvarden.

Vi ønskjer personar som:
•·Er utadvendt, samabeidsvillig,  kan arbeide sjølvstendig og har god serviceinnstilling
• Gjerne har tidlegare erfaring med publikumskontakt og sal
•·Har mulighet og vilje til fleksibilitet.
•·Fokuserer på kvalitet, trivsel og kreativitet
•·Kan bidra med servering/enkel matlaging til lukka selskaper og kafé
•·Kan vere aktuelle for tilfeldige vikariat ved sjukdom m.m.

 Aktuelle arbeidsoppgåver:
•·Aktiv deltaking i drift av kafé og arrangement
•·Matlaging. Kafévertar må også lage enkel mat.
•·Må pårekna arbeid på søndagar, enkelte helligdagar, samt arbeid i sommarhalvåret - etter oppsett vaktliste.

 Vi kan tilby:
•·Spennande arbeidsområde
•·Fleksibel arbeidstid - kan gjelde både dag, kveld og helg. Passar godt som ekstrajobb
•·Lønn i stillingane i henhold til tariff.

I vår vurdering vil me leggja vekt på følgjande:
•·Personlege kvalifikasjonar
•·Intervju og referansar

Anna informasjon:
•·CV må inneholde kronologisk oversikt over utdanning og praksis
•·Ved evt. intervju må attestar leggast fram og referansar oppgis.

Nærare opplysningar kan du få hjå Gunn Bente Håvardsholm
tlf. 53 74 80 00 /951 95 800.

Søknad med CV kan sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no  eller til Ryvarden Kulturfyr KF, Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 03. februar 2012.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 53740041/53748000

Faks
: 53748001
Opningstid
: Alle søndager kl. 11-16. Frå 09. juli - 02.august: i tillegg til søndager - også onsdager og lørdager kl. 12-16. Velkommen!
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS