Kunstnarane bak utstillinga, Bjørg Strømme og Maren Sofie Strømme, har begge solid kunstnarisk erfaring frå akvarell- og akrylmaling, som dei tidlegare har arrangert kurs i på Ryvarden.
Men nå er det altså design og produksjon av ulike bruksting i fiskeskinn, kombinert med skinn frå kalv, geit og reinsdyr, som vesker, armband, smykke osv. Dessutan bilete med fiskeskinn som element i motiva.
Skinnene er frå fiskeartar som torsk, laks, uer og steinbit, og de er fisket i Nord-Atlanteren, for det meste rundt Island.
Skinn av desse artene er utmerka materiale til bruk i både kler, sko og vesker. Dei store motehusa i Europa designer og produserer stadig nyheiter i desse materiala på dei store moteoppvisningane og messene.
Skinnene er garva, preparert og farget i store fargevariasjonar, og har en holdbarhet og styrke som er fullt på høgd med andre vanlige skinnprodukt.
Utstillinga er ope alle søn- og helgedagar kl. 12-17, fram til og med 25. april.