Lise Birkeland, opprinneleg frå Flekkefjord der ho er født og oppvaksen. Bur og arbeider nå i Stavanger, kor ho har eigen verkstad. Lise arbeider med skulptur og grafikk.
Svart stål, vanlig rustbart stål. Ho liker stål som er arbeidt med frå før. Biter og avkapp blir modellert med sveiseapparat. Stålet vert bygd opp, kappa og slipt. Lise pleier å sei "kvinneliggjere stålet litt". Ho fangar bevegelser i figurane og stopper tida i dei øyeblikka dei er i. Skulpturane kan stå, ligge, sitte og fly, gjerne fleire i følgje.
I forhold til grafikken arbeider ho med dyptrykk som monotopi. At motivet er direkte påført på kobberplata, noko som gjer at trykka over en serie er ulike.
Etsingar og koldnål vert trykt for hand i eige verkstad i fukta dyptrykkspapir - som nesten er eit reint bomullspapir. Ho håndkolorerer trykka med akvarell.
Trine Sundt, frå Bergen. Har si utdanning frå glasskolan ved KostaBoda i Sverige. Har erfaring frå ei rekkje glasshytter; Glasshytten i Tvedestrand, Strombergshytan, Glasshytta på Berger, Haseland, partnerskap/deleier i mange år i Glassøyet AS og nøstetangen Glass AS.
Det er viktig for Trine at glassa har ein funksjon, at dei vert brukt - til inspirasjon og til glede.
Knapt noko materiale vekker fantasien som glas. Det kan forandre form, farge, det kan vere hardt eller skjørt, skarpt og mjukt samstundes. Kvar einaste glas er unikt, som eit fingeravtrykk.
Trine Sundt etablerte Stavanger Glassblåseri på Gausel hausten 2004. Der deler verkstad og butikk lokale.