Kurset strekker seg over ein dag, og stiller ingen krav til tidlegare forteljarerfaring. Gjennom leikne oppgåver og med latter og låge skuldre leitar vi oss fram til vår eiga stemme og vår eigen stil.
Kurset er vinkla mot forteljinga om Ramna-Floke og vert halde av Sylvelin Vatle, forfattar og formidlar.
www.sylvelinvatle.com
Påmelding til epost gunn@sveio.kommune.no eller mobil 951 95 800.
Kursavgift - inkludertl lunsj: Kr. 500,-
Det blir også eit valgfritt arrangement for kursdeltakarar fredag kveld, med mat og prat og mulighet for overnatting - på fire rom....førstemann til mølla.....
Pris overnatting: I dobbeltrom kr. 500,- pr. person -
Enkeltrom (1 1/2 br. seng) kr. 700,-
Prisane inkluderer kveldsmåltid fredag og frokost lørdag morgon.
Me håpar du blir med!