spacerMeny spacer
spacer
   

Sesongåpning på Ryvarden søndag 25. mars

Ryvarden mars 2012

Kunstsesongen 2012 vert opna søndag 25. mars, og vi ønskjer velkommen kunstnarane Roald Tellnes og Omer Alic med sine ulike og spennande arbeid.

Utstillinga vert offisielt opna søndag 25. mars  kl. 13.00
ved teatersjef i Haugesund, Birgit Amalie Nilsen

Utstillinga står til og med 29. april og er open alle søn- og helgedagar kl. 11-16.

Hjerteleg velkommen til ny spennande kunstsesong!

Roald Tellnes er født i Bergen i 1946, og har etter avslutta utdanning vore busett i Karmøy.
Hans uttrykksform er høyst personlig, og han brukar en sjeldan og spesiell teknikk, materialtrykk. I materialtrykk bruker han metallbitar, netting, plast og andre gjenstandar som bunnmateriale. Kvar enkelt bit farges inn separat og vert trykka inn under stort press. Dermed gis det en ny dimensjon til fargegrafikken.

Roald Tellnes har haldt mange separatutstillingar i Norge og utlandet, mest i Europa, bl. a. i England, Frankrike, Tyskland, Danmark og Finland, men også i USA og Japan. På Vestlands­utstillingen og Statens Høstutstilling har han deltatt både med ­grafikk og skulptur.

Omer Alic er født  i Bosnia og Hercegovina i 1972. Han har utdanning frå kunstakademi i Sarajevo. I dag er han busett i Haugesund og har sitt arbeid her.. Han har meistergrad i kunst frå 2010.
Omer Alic har hatt fleire separatutstillingar og har vidare delteke i fleire  kollektive utstillingar både najonalt og internasjonalt.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 53740041/53748000

Faks
: 53748001
Opningstid
: Alle søndager kl. 11-16. Velkommen!
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS