spacerMeny spacer
spacer
   
Vestavill
Vestavill

KONSERT - "HJELP MIG TIL AT GRÆDE" - Søndag 25. mars

- Songar om død og draumar,
med eit vakkert, absurd og interessant kunstnarisk uttrykk.

VESTAVILL;
Ingvill Holter, sopran
Marita Kjetland Rabben, piano

Galleri Ryvarden kl. 15.30  -  
Billettpris kr. 150/100 

Duoen "Vestavill" består av Ingvill Mjeldheim Holter, sopran og Marita Kjetland Rabben, piano. Dei er begge klassisk utdanna og har ei lang rekkje konsertar bak seg sidan oppstarten i 2007.
Vestavill legg vekt på variasjon og utfordrar dei klassiske rammene. Repertoaret innheld musikk frå Cuba i vest til Russland i aust, og dei framfører alt frå Grieg-perler og Shostakovich-satirer til ukjend musikk; alt med stor formidlingsglede og engasjement og på eit høgt kunstnarisk nivå. 

I Vestavill sitt nye konsertkonsept vert publikum tekne med på ei musikalsk oppdagingsferd i grenselandet mellom død og draum.

Mytologisk syner ofte draumen seg som den yngre broren til døden. Dette søskenparet har vore til stor fascinasjon og inspirasjon for kunstnarar til alle tider. Ulike kulturar har mange ulike førestellingar om døden  som oppstanding, reinkarnasjon eller ekstistens i ein annan dimensjon. Draumar vert gjerne omtala som naudsynte prosessar i det undermedvitne. Dei har dessutan alltid vore grunnlag for spådomskunst.
Til alle tider har kunstnarar prøvd å fanga desse to tilstandane i ord og tonar.

Vestavill legg stor vekt på å utforska ukjende komponistar og å presentera dei i ein spennande samanheng. I dette programmet vert musikk av nokre velkjende komponistheltar, som Grieg og Schumann, kopla opp mot nokre meir ukjende.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 53740041/53748000

Faks
: 53748001
Opningstid
: Alle søndager kl. 11-16. Velkommen!
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS