Det vart naturleg for henne å velge temaet "Blomstring" då ho over ein lang periode har vore oppteken av blomster.
De fleste kjolene ho lager er inspirert av ulike typar blomster eller liknar på en blomst.
"En god måte å få uttrykt mine følelser på er å lage bilder og keramikk. Her er alltid mennesket i fokus, det er viktig for meg. Jeg ser tydelig at menneskene jeg arbeider med for tiden, i bildene og keramikken, er i blomstring."
Så det går ein rød tråd i både klær, bilder og keramikk som ho lager.
Ho filter mykje når ho lager klær. Det opnar muligheit for å forme og skulpturere.
For tida held ho også på med å designe klær for Helen Bøksle. Denne folkekjære artisten med den vakre stemmen.
Nina Stråtveit har delteke på fleire utstillingar lokalt. Ho er kanskje best kjent for sine kreasjonar innan tekstil; blant anna hennar fantastiske kjolar.
Til sommeren skal ho opne sitt eige galleri/atelier i Nedre Vats.