spacerMeny spacer
spacer
   

Folkevandring til Ryvarden for å treffe Bjørg Thorhallsdottir

Bjørg Thorhallsdottir

Flott turvér og opning av utstillinga til ei av Norges fremste grafikere; Bjørg Thorhalldottir - gjorde sitt til at det sist søndag var folkevandring til Ryvarden. Kunstnaren var sjølv også til stades under utstillingsopninga og alle ville møte og oppleve denne spennande og utruleg levande dama.
Og alle besøkande fekk eit møte dei nok ikkje vil gløyme. Kunstnaren si evne til å by på seg sjølv, kalla fram både tårer og latter.
Til tross for hennar unge alder, har hun opplevd mykje og deler sine tankar og livserfaringar gjennom sine populære bilete.

Irene Halseid stod for den offisielle opninga av utstillinga. I tillegg til musikalsk underhaldning i lag med Olav Dale, fortalte ho om Engleverkstedet i regi av Kirkens Bymisjon.  Som er ein del av  lavterskeltilbodet "I jobb".
Ryvarden Kulturfyr skal vidare nå ha desse englane for sal i galleributikken på Ryvarden. 

Bjørg Thorhallsdottir si spennande utstilling på Ryvarden er absolutt verd et besøk!! 
Og for dei som ønskjer seg eit bilete av henne - ikkje vent.  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 53740041/53748000

Faks
: 53748001
Opningstid
: Frå 16. mars: Galleriet og kafén er open alle søn- og helgedagar kl. 11-16. Velkommen!
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS