spacerMeny spacer
spacer
   

Anu Allikas kommer til Ryvarden

Anu Allikas - keramikk.jpg - Klikk for stort bilete

 

Nytt utstillingsskifte på Ryvarden. Vi ønskjer velkommen Anu Allikas og hennar keramikkskulpturar i utstillinga som ho har kalla "Hagen i havet"
Utstillinga vert offisielt opna søndag 06. september kl. 13.00 ved ordførar i Sveio, Ruth Ø. Eriksen

Publisert av Gunn Bente Håvardsholm. Sist endra 03.09.2015

Mange av Ryvardens gjester har allereie fått sett litt av Anu sine arbeid, da ho også tidlegare har vore representert med keramikk i galleributikken på Ryvarden.
Rake, staselige, og enkle - men likevel svært uttrykksfulle skulpturer. Noen med alvor, andre humoristiske – alt etter kva blikk som betrakter dei.  Noen fargerike, andre fargemessig meir anonyme.
Ho tek ofte utgangspunkt i ulike tema som eventyr, mytologi og religion.
Anu Allikas er fødd og oppvaksen i Estland i 1973. Ho bur og arbeider nå i keramikk-verkstaden sin på Randaberg.
Utdanninga har ho frå Tartu Kunstikool i 1989 og på Dorset Art College i England i 1999.

Allikas har hatt ei rekke seperate utstillingar i tillegg til kollektive utstillingar i mange galleri i Noreg og Sverige. Ho har og hatt ulike oppdrag for fleire kommunar og er blant anna kjøpt inn til statsministeren sitt kontor.

Galleriet er ope alle søndagar kl. 11-16 og utstillinga står fram til og med 27. september.

 

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr
Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 46906043/53748000

Opningstid
: Galleri og kafé er åpent alle søndager kl. 11-16. I perioden 05. juli - 02. august, også onsdager og lørdager kl. 12-16
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS