spacerMeny spacer
spacer
Informasjon Publisert 14.02.2010
collage - filmkulturell dag

Ryvarden har gleda av å invitere deg/dykk til Filmkulturell dag - lørdag 13. mars frå kl. 12.00 - 24.00

Programmet denne dagen inneheld også opning av kunstutstillinga 2 ROP frå ARKTIS som er eit samarbeid mellom Olaf Storø og Anne B. Ragde.  Kunstutstillinga med litografi og tekst vert offisielt opna kl. 13.00 av forfattaren Einar Økland.

Film, litteratur, musikk, teater, kunst - ein rød tråd. 

Filmen - og då den norske kort-dokumentar og arkivfilm som har hav og kyst som hovudtema, vil få plass hjå oss. Det vert innslag av musikk og teater, og visning av eit utval av musikkvideoer av heavymetal gruppa ENSLAVED. Medlemmer frå gruppa vil då vere til stades.

Både Olaf Storø og Anne B.Ragde kjem til å vere med heile denne dagen, og vi kan love eit innhaldsrikt og spennande program.

Billettar kan kjøpast hos Sveio Café & Catering og hos Dahl Rammeservice i Haugesund frå og med torsdag 18. februar.

Billettpris kr. 250,-     Ikkje vent med å sikre deg billett - det er eit svært begrensa tal billettar for sal! 

Velkommen til ein spennande dag på Ryvarden Kulturfyr!                   

Se program under "Les mer"

 

Informasjon Publisert 18.01.2010

Galleri- og kafésesongen 2010 står for døra. Vi skal i år starte opp og opne ny kunstutstilling med eit spennande arrangement lørdag 13. mars. Førstemann ut denne sesongen er Olaf Storø som til denne utstillinga har samarbeid med forfattaren Anne B. Ragde.

Både Olaf Storø og Anne B.Ragde kjem til å vere med heile denne dagen, og vi kan love eit innhaldsrikt og spennande program som vi vil annonsere litt nærare.

Merk deg dagen og kryss den av i kalenderen!

Sjølv om gallerisesongen ikkje opnar før 13. mars, har vi likevel ope for dei som ønskjer å leige lokalet til møter og andre arrangement. Og fyrmesterbustaden er mogeleg å leige for overnatting og arrangement heile året.                

 

 

 

 

Søk 
Kontaktinformasjon
_
_
Ryvarden kulturfyr
Mølstrevåg
Postboks 40
5559  Sveio
 
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
 
 
Telefon : 53748000
Faks : 53748001
_
Opningstid : Alle søndagar og helgedagar kl. 11-16, I tillegg har vi frå 07. juli og fram til og med 14. august også åpent onsdagar og lørdagar kl. 12 -16
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS