spacerMeny spacer
spacer
   
Informasjon Publisert 20.01.2012

Kafévertar skal tilsetjast i kafé og/eller ved ulike lukka arrangement for sesongen 2012, mars - desember. Passar godt som ekstrajobb.

Nærare opplysningar kan du få hos Gunn Bente Håvardsholm
tlf. 53 74 80 00/951 95 800
Søknadsfrist 03. februar 2012

For meir informasjon - sjå under "ledig stilling"

Informasjon Publisert 28.12.2011
Sveinbjörg Hallgrimsdóttir

Ryvarden Kulturfyr, laurdag 11. februar 2012 - kl. 10 -17
Lær å finne di eiga forteljarstemme, og lær korleis du med liv, driv og dramatikk   kan trollbinde eit publikum gjennom forteljing.

Kunsten å "ta scena"
Start og slutt
Å hugse forteljinga
Improvisasjon 
Å skape liv
Dramaturgi 
Karakterar
Tempo
Smarte triks 

Informasjon Publisert 13.12.2011
Jul på Kulturfyret

Utstillinga Jul på Kulturfyret er avslutta. Det same er vår galleri- og kafésesong. Vi takkar alle som har besøkt fyret i Sveio dette året.
Uavhenta kunst kan hentas på kommunehuset i Sveio sentrum.

Opplevinga med spaserturen ut til fyret kan likevel opplevast - sjølv om galleriet ei stund framover ikkje vert åpen. Det er heile året mogeleg å leige fyrmesterboligen for overnatting, og skal nokon ha selskap eller anna lukka arrangement; ring oss gjerne.
Vi ønskjer alle gode venner av Ryvarden ei flott førjulstid, og velkommen tilbake i 2012 til spennande utstillingar og aktivitetar for både barn og voksne.

Informasjon Publisert 08.11.2011
Kreativ verkstad

Søndag 13. november kl. 12 - 15
Randi og Bjørg er igjen klar......denne gongen med juleverkstad.

Frå kl. 12 - 14 vert det kreativ arbeid i atelieret. Frå kl. 14 - 15 vert det forteljarstund.  - Er der fyrnisse på Ryvarden mon tru?......
Alder frå 4 år.
Pris kr. 50,- pr. barn

Foreldre, besteforeldre og andre kan i galleriet oppleve den nyopna juleutstillinga Jul på Kulturfyret. Her er mange julepresang-emner............

 

Informasjon Publisert 02.11.2011
Jul på Kulturfyret

Søndag 6. november opnar Galleri Ryvarden årets siste utstilling som skal stå til og med 27. november.

2011-sesongen vert avslutta med juleutstillinga "Jul på kulturfyret".   17 kunstnarar er presentert i utstillinga som inneheld grafikk, maleri, glass, keramikk,  tekstil og skinn.

Utstillinga vert offisielt opna søndag 06. november  kl. 13.00
ved nyvalt ordførar i Sveio, Ruth Ø. Eriksen

Underhaldning ved klokkerdiakonens døtre;  -
Grethe Lunde Øvrebø og Dagmar H. Lunde Skaret

Vi vil i november og fram mot jul lage ei særprega julestemning, i ein varm og inkluderande atmosfære.                                                      

Informasjon Publisert 05.10.2011
Kreativ verkstad

Vi gjentek suksessen;
Me ønskjer igjen velkommen til kreativ verkstad i atelieret på fyret.

Søndag 16. oktober kl. 13-15

Barn frå 4 år og oppover kan delta.
Kr. 50,- pr.barn.

Tema:
Vi maler på krus/skål. Vi gir alternativer for val av motiv.

Dette blir kjempegøy. Kom og bli med.

Informasjon Publisert 28.09.2011
Geir Nymark

Geir Nymark frå Voss er månadens utstillar på Ryvarden.
Utstillinga vart opna søndag 02. oktober.

Utstillinga står til og med 30. oktober, og er ope alle søndagar  kl. 11-16.
Velkommen til nye kunstopplevingar, nysteikte vaflar og natur i haustfargar!
Sjå nokre av bileta frå utstillinga her...  under "les mer"

 

Informasjon Publisert 21.09.2011
Mongolsk klesvisning

- Klesvisning av mongolsk klesdesign på Ryvarden Kulturfyr 
 fredag 07. oktober kl. 19.00

Kr. 150,- inkl. enkel bevertning
Billettar kan kjøpast i Galleri Ryvarden når galleriet er ope.
Utover dette pr. tlf. 951 95 800.

Begrensa tall billettar - så skynd deg. Denne kvelden har mange venta på.

Informasjon Publisert 29.08.2011
Dang Van Ty 2

I september kan vi ønskje velkommen Dang Van Ty som skal stille ut maleri og grafikk.
Kunstnaren er norsk, men blei født av vietnamesiske foreldre i Vietnam i 1954. Han har vore busett i Norge sidan 1968.

Utstillinga vert offisielt opna søndag 04. september  kl. 13.00 ved Peder Kristian Lyngholm. 

U
tstillinga står til og med 25. september, og er ope alle søndagar kl. 11-16.

Informasjon Publisert 07.08.2011
Bytunets antikvariske jazzensemble

Bytunets antikvariske Jazzensemble

Søndag 14. august kl. 13.00 - billettpris kr. 150,-/75,-  Billettsalg i Festiviteten tlf. 52 71 27 80 og ved inngang.

Ta gjerne med noko å sitte på.

 Ved dårleg vær må konserten flyttast inn - det vil då bli begrensa sal av billettar.

Bytunets er Haugesunds eige tradjazzband som er blitt kjent og kjært for mange. Med byens egne humørspredere, blir det garantert ekte Fyrjazz stemning.

Svein Sandvold- trombone, Terje Ek- tuba, Trygve Flåtene - banjo, Trygve Strand -klarinett- sax , Andreas Ulveraker -trompet

Informasjon Publisert 28.06.2011
Zeljko Uremovic

Søndag 03. juli opnar årets sommarutstilling med kunstnaren
Zeljko Uremovic.

Utstillinga vert offisielt opna søndag 03. juli  kl. 13.00 

Utstillinga er ope alle søndagar  kl. 11-16. I tillegg har vi i perioden 06. juli - 13. august også ope onsdagar og laurdagar kl. 12-16.
Utstillinga står til og med 28. august.

Velkommen til sommarope galleri !
Besøk også vår spennande galleributikk og nyt kaffi, is eller nysteikte vafler i kaféen.

Informasjon Publisert 10.06.2011
Lise Birkeland 1

Har du ikkje fått oppleve den spennande utstillinga til Lise Birkeland og Trine Sundt ennå?  Det er ennå ikkje for seint.
Utstillinga skal visast også i juni.  Ta turen til Ryvarden - opplev utstillinga og nyt ein kopp kaffi og vaffel.

Utstillinga er ope alle søn- og helgedagar  kl. 11-16, fram til og med 26. juni.
Velkommen!

Informasjon Publisert 08.06.2011
dukkevogn

Søndag 19. juni kl. 13.00 - start ved bommen.
Møt opp og ta med med barn, barnebarn og andre som vil.
Ta med dukkevogn, trehjulsykkel, trillebår eller andre hjul - alt er mulig!

Overraskelser langs vegen - Saftstasjon - Diplom til alle - Utstilling av gamle leker i atelieret. Gratis deltaking - Alle velkommen!

Ver med og gjer dette til årets parade til Ryvarden.

Informasjon Publisert 20.04.2011
Bjørg Strømme

Vi ønskjer alle hjerteleg velkommen til å nyte naturen, havet og den ca 20 minutter lange spaserturen ut til fyret.

I tillegg til spennende utstilling i hovudgalleriet med produkt i fiskeskinn av Maren Sofie Strømme og Bjørg Strømme, kan alle gjester i påsken (f.o.m skjærtorsdag) oppleve en unik og spesiell salgsutstilling i atelieret. Karsten Opdal Lupus Sæterdalen har sin spesialitet med teknikken spraymaling - ein ung mann frå Sveio som vi med stor sannsynlighet vil høyre meir frå.  

Besøk Karsten si heimeside: www.megiri-artwork.weebly.com

Galleri og kafé er åpne alle søn- og helligdagar kl. 11-16
Lørdag, påskeafta stengd.

Informasjon Publisert 07.03.2011
Utstillingsopning 06. mars 2011

Til tross for spennande avslutning i ski-vm; publikum tok turen til Ryvarden for å få med seg utstillingsopninga av  spennande kunsthandverk i fiskeskinn.

Kunstnarane, Bjørg Strømme og Maren Sofie Strømme var til stades.  Ordførar Harald Rydland frå Fitjar opna utstillinga på ein fengande og humoristisk måte som laga svært god stemning.

Informasjon Publisert 25.02.2011
Bjørg Strømme

Opningsutstillinga dette året vert opna søndag 06. mars og er prega av eit nytt og spennande kunstmateriale : Fiskeskinn ! - biprodukt av havets delikatesser er forvandla til vakre og eksotiske kunst- og bruksobjekt.

Utstillinga vert offisielt opna søndag 06. mars  kl. 13.00 ved ordførar i Fitjar, Harald Rydland.

Velkommen og gled deg til en spesiell utstilling med variasjon og skjønnhet i kunst- og bruksgjenstander !

Informasjon Publisert 25.02.2011
Ryvarden frå sjø 2

Søndag 06. mars er oppstart av galleri- og kafésesongen på Ryvarden Kulturfyr i Sveio.
Skiftande kunstutstillingar gjennom heile året som før, men nytt av året er småfolk- søndagar som er aktivitetsdagar for barn frå 4-12 år. Med ulike tema. Datoer og tema vert fortløpande lagt ut.
I tillegg skal vi fredag 18. mars arrangere Damenes aften med klesvisning av mongolsk design.

Vi ønskjer alle hjerteleg velkommen til Ryvarden - til spennande kunstutstillingar og aktiviteter. Galleri og kafé er ope alle søn- og helgedagar kl. 12-17

Informasjon Publisert 05.01.2011
Brownies

Kafévertar skal tilsetjast i kafé og/eller ved ulike lukka arrangement for sesongen 2012, mars - desember. Passar godt som ekstrajobb.

Nærare opplysningar kan du få hos Gunn Bente Håvardsholm
tlf. 53 74 80 00/951 95 800

Søknadsfrist 03. februar 2012

Informasjon Publisert 23.12.2010
Jul på Kulturfyret

Galleri og kafé på Ryvarden har no avslutta for denne sesongen. Vi opnar ny gallerisesong søndag 06. mars 2011. Spennande kunstutstillingar og nye aktivitetar.

Det er i perioden fram til sesongopning 2011 likevel mulig å leige galleriet for selskap, møter etc. og fyrmesterbustaden for overnatting.

Vi ønskjer alle ei riktig God Jul og eit Godt Nyttår med nye muligheter.

Informasjon Publisert 09.11.2010
Jul på Kulturfyret

Det var folkevandring til Ryvarden søndag 07. november då utstillinga "Jul på Kulturfyret" vart opna.  Ein flott utstilling og ein velfylt galleributikk med stort utval av julegåver både til seg sjølv og andre.

I tillegg til søndagar kl. 11-16 fram til og med 28. november har me også ope Laurdag 13. og 20. november kl. 12-16.

Servering av risengrynsgrøt, saft og gløgg.

Informasjon Publisert 11.10.2010
Julemotiv 2010

Velkommen til Ryvarden Kulturfyr - eit annleis julebord!

På Ryvarden Kulturfyr får dine tilsette og kunder eit annleis julebord i eit særprega miljø, ytst i havgapet.

Ta gjerne kontakt for tilbod. Ring Gunn Bente Håvardsholm på telefon 53 74 80 00, mobil 951 95 800. Epost: gunn@sveio.kommune.no

Informasjon Publisert 29.09.2010
Kazimierz Twardowski

Som liten drøymde han alltid om å få sjå havet. Å bu på Ryvarden Kulturfyr er ei sanseleg oppleving for den polske malaren Kazimierz Twardowski.

Utstillinga til Kazimierz Twardowski vart offisielt opna søndag 03. oktober og skal visast fram til og med 31. oktober. Galleriet er ope kvar søndag kl. 11-16 

Utstillinga er open alle søndagar kl. 11-16, fram til og med 31. oktober.

Informasjon Publisert 14.09.2010
Kurs Rannveig Barstad

Rannveig Barstad underviser i Moderne Aquarell  (Hun med kuene)

Helgekurs :  Lørdag 30. og søndag 31. oktober.   Nye og gamle elever velkommen.

Kursavgift kr. 1000,- + utstyr.  Evt. overnatting kjem i tillegg.

Påmelding kurs til Rannveig  tlf. 97 56 47 97 -  Evt. overnatting til Gunn Bente tlf. 951 95 800

Bindane påmelding innan 10. oktober

Alle med lyst og interesse er velkommen.  Nybegynnere og erfarne! www.ranveigbarstad.com

Informasjon Publisert 14.09.2010
Sveinbjörg Hallgrimsdóttir 1

Kunstutstillinga med tresnitt av Sveinbjörg Hallgrimsóttir vert vist i Galleri Ryvarden nå i september. Ei spennande utstilling alle bør få med seg!

I galleributikken er også den nye boka om Ramna-Floke for sal. Ei flott og spennande bok, som fortel om Ryvardens Ramna-Floke si ferd over til Island i år 869.  Kanskje eit julegavetips?

Informasjon Publisert 02.09.2010
Sveinbjörg Hallgrimsdóttir

Sveio kommune og Ryvarden Kulturfyr ønskjer velkommen til lokal lanseringsfeiring av boka Ramna-Floké, og offisiell opning av Sveinbjørg Hallgrimsdóttir si utstilling, Ramna-Floké

Ryvarden Kulturfyr, søndag 05. september 2010 kl. 14.30. Offisiell opning ved den islandske ambassadøren i Noreg,  Sigridur Dúna Kristmundsdóttir

Folketonar og viser ved Maria Malmsten - sang, og Einar Steinkopf - gitar

Forfattar og kunstnar er til stades på arrangementet.

Utstillinga er open alle søndagar kl. 11-16, fram til og med 26. september. 

Informasjon Publisert 19.07.2010
Brian Wallace

Svært mange gjester har allereie fått med seg Brian Wallace sin fantastiske utstilling på Ryvarden. Ta turen til Ryvarden du også!

I tillegg til søndagar med opningstid 11-16, har vi fram til og med 14. august også ope onsdagar og lørdagar kl. 12-16.

Ta med venner, familie og kanskje sommargjester - vi kan tilby nysteikte vafler og kaffi, eller brus og is. Teikne/lekekrok for borna i 2.etasje.

 

 

Informasjon Publisert 01.07.2010
Brian Wallace

Det er høgsommar, og tradisjonen tru, Galleri Ryvarden innbyr til opning av sommarutstilling. Dette året ønskjer vi velkommen til salsutstilling med maleri av kunstnaren Brian Wallace.

Utstillinga vert offisielt opna søndag 04. juli kl. 13.00 -  ved kunst- og kulturformidlar Brith Inger Engan.

Utstillinga er open alle søndagar kl. 11-16. I tillegg har vi i perioden 07. juli - 14. august også ope onsdagar og lørdagar kl. 12-16.

Velkommen!

Informasjon Publisert 03.05.2010
utstilling mai 2010

Spennande utstilling og flott turvér trekte mykje folk til Ryvarden sist søndag.  Ei kunstutstilling alle bør oppleve! 

Utstillinga står til og med 27. juni og er ope alle søn- og helgedagar kl. 11-16.

Velkommen!

 

Informasjon Publisert 29.04.2010
Sleeping alone

Det er igjen ei glede å invitere til utstillingsopning i Galleri Ryvarden. Og i mai og juni kan vi ønskje velkommen til akvarellutstilling med

Rannveig Barstad

Utstillinga vert offisielt opna søndag 02. mai kl. 13.00 ved ordførar i Bergen, Gunnar Bakke

 Utstillinga står til og med 27. juni og er ope alle søn- og helgedagar kl. 11-16. Med unnatak av 17. mai.

Informasjon Publisert 07.04.2010
Filmkulturell dag

Denne spennande salsutstillinga med litografi og tekst av kunstnaren Olaf Storø og forfattaren Anne B. Ragde vert vist i april.

Utstillinga står til og med 25. april og er open alle søndagar kl. 11-16.

Velkommen!

Informasjon Publisert 30.03.2010
Filmkulturell dag 2

Er du av dei som foretrekker å ikkje reise til fjells i påsken?

Galleri Ryvarden har ope alle dagar med unnatak av lørdagen i påsken, frå kl. 11-16.

Salsutstilling med litografi og tekst av Olaf Storø og Anne B. Ragde. Galleributikk med variert utval av kunst.

Velkommen! 

Informasjon Publisert 14.02.2010
collage - filmkulturell dag

Ryvarden har gleda av å invitere deg/dykk til Filmkulturell dag - lørdag 13. mars frå kl. 12.00 - 24.00

Programmet denne dagen inneheld også opning av kunstutstillinga 2 ROP frå ARKTIS som er eit samarbeid mellom Olaf Storø og Anne B. Ragde.  Kunstutstillinga med litografi og tekst vert offisielt opna kl. 13.00 av forfattaren Einar Økland.

Film, litteratur, musikk, teater, kunst - ein rød tråd. 

Filmen - og då den norske kort-dokumentar og arkivfilm som har hav og kyst som hovudtema, vil få plass hjå oss. Det vert innslag av musikk og teater, og visning av eit utval av musikkvideoer av heavymetal gruppa ENSLAVED. Medlemmer frå gruppa vil då vere til stades.

Både Olaf Storø og Anne B.Ragde kjem til å vere med heile denne dagen, og vi kan love eit innhaldsrikt og spennande program.

Billettar kan kjøpast hos Sveio Café & Catering og hos Dahl Rammeservice i Haugesund frå og med torsdag 18. februar.

Billettpris kr. 250,-     Ikkje vent med å sikre deg billett - det er eit svært begrensa tal billettar for sal! 

Velkommen til ein spennande dag på Ryvarden Kulturfyr!    Kaféen er open heile dagen.               

Se program under "Les mer"

 

Informasjon Publisert 18.01.2010

Galleri- og kafésesongen 2010 står for døra. Vi skal i år starte opp og opne ny kunstutstilling med eit spennande arrangement lørdag 13. mars. Førstemann ut denne sesongen er Olaf Storø som til denne utstillinga har samarbeid med forfattaren Anne B. Ragde.

Både Olaf Storø og Anne B.Ragde kjem til å vere med heile denne dagen, og vi kan love eit innhaldsrikt og spennande program som vi vil annonsere litt nærare.

Merk deg dagen og kryss den av i kalenderen!

Sjølv om gallerisesongen ikkje opnar før 13. mars, har vi likevel ope for dei som ønskjer å leige lokalet til møter og andre arrangement. Og fyrmesterbustaden er mogeleg å leige for overnatting og arrangement heile året.                

 

 

 

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 53740041/53748000

Faks
: 53748001
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS