spacerMeny spacer
spacer
   

"Malerindene" besøker Ryvarden

Malerindene.jpg - Klikk for stort bilete

Spennande besøk til Ryvarden!
Kommande søndag, 24. mai skal der opnas utstilling i atelieret med 7 kunstnerar som kaller seg «Malerindene» og i tillegg 2 gjestekunstnarar.
Utstillinga vert opna søndag 24. mai kl. 12 - i atelieret.

Publisert av Gunn Bente Håvardsholm. Sist endra 20.05.2015

Og kven er malerindene? – Eli Gaard Johansen, Anne Lise Borum, Randi Melbo Knutsen, Elin Frønsdal, Gro Underhaug, Ingrid Helgeland og Tove Seglem.
Ei gruppe spennande damer som blei «Malerindene»  etter eit malerkurs hos kunstnaren Ranveig Barstad.

Dei prøver ut forskjellige teknikker, aquvarel modern, vått på vått, vått på tørt… Litt i meir tradisjon. Engelsk stil… og noko dei har dikta sjølv?!
Dei er av sin inspirator lært opp til å ikkje male det dei ser….dei skal male det dei trur dei ser.

På Ryvarden presenterer dei med litt av kvart; motiver dei har felles – men som vert svært forskjellig likevel. Dei har bilder i ulike størrelsar og ein del kort.
For å kunne presentere allsidighet i utstillinga har dei også med seg to gjester; Anne Iren Håvarstein med foto og Karin Helgeland med keramikk.
Utstillinga i atelieret står fram til og med 28. juni, og er ope alle søndager kl. 11-16.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr
Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 46906043/53748000

Opningstid
: Galleri og kafé er åpent alle søndager kl. 11-16
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS