spacerMeny spacer
spacer
   

Vegard Vandvik til Ryvarden med "70 spor"

001_IMG_6052.JPG - Klikk for stort bilete Det er svært lenge sidan Vegard Vandvik har hatt separatutstilling, - ca 20 år sidan han hadde eiga utstilling på Haugalandet.
Utstillinga "70 spor" opnar torsdag 05. mai, Kristi Himmelfartsdag - kl. 13.00 av kunstnaren Nenad Ignjatic
Kunstnaren skal nytte både houvdgalleri og atelieret, og dersom veret tillet det, blir det og spor på vegen ut til Ryvarden.
Galleriet er ope alle søn- og helgedager kl. 11-16 og utstillinga står fram til og med 19. juni.

Publisert av Gunn Bente Håvardsholm. Sist endra 28.04.2016

Vi  reknar med svært mange besøkande. Dels fordi dette til vanleg  er ei tid med mykje utfart til Ryvarden, og ikkje minst fordi Vegard Vandvik er ein kjend person på Haugalandet og ein spennande kunstnar som sine 70 år til trass,  er i ei rivande utvikling.

Vandvik  er ein sjeldan utstillar, har hatt separatutstillingar berre ein gong kvart  tiande år sidan 1996.
Han debuterte i galleri Jensen i  Haugesund i 1991, hadde si neste separatutstilling i galleri Amanda i Haugesund i 1996 og si siste,  i galleri Jespersen i  Skånevik  i  2006. Det er m.a.o  20 år sidan sist han hadde eiga utstilling på Haugalandet.

Vandvik er mest kjent som kulturleiar i Haugesund og Suldal, men han har arbeida med kunstnareleg aktivitet frå unge år og delteke på fleire utstillingar med andre kunstnarar sidan 80-talet. Han er i dag medlem av Tegnerforbundet  og Norske Billedkunstnere.

Vandvik valde å gå ut av jobb som kultursjef i 2010 for å få meir tid til andre interesser –eigen biletkunst, samfunnsdebatt/skrivearbeid og barnebarn. I 2011 gav han ut boka Kulturkraft som han illustrerte sjølv med 60 teikningar.

Utstillinga har han kalla «70 spor» og det inneber heile 70 arbeider frå dei siste  30 åra. Kvar ny teknikk han lært seg,  «har gitt meg  nye kick», seier Vandvik. Trass i ein moden alder, kjenner han seg søkjande og utforskande. « Jeg har jo mye å ta igjen etter mange år der den kunstneriske aktiviteten har måtte begrense seg ved siden av full jobb og familieliv.» seier Vandvik.  Utstillinga syner noko av den spennvidda Vandvik har vore igjennom desse åra i eit levd liv når det gjeld tema  og teknikkar.

Vandvik reknar seg først og fremst  som  teiknar, men har med åra arbeida med ulike teknikkar  utanom blyant og kull, med radering, tresnitt, monotypi, blandingsteknikkar og pensel . Dei seinaste åra har han arbeida mest med tusj, og tusj i kombinasjon med lavering, akvarell, Panpastell  og acryl.

Tematisk har arbeidene kretsa ikring livet som mann i ulike fasar og situasjonar, ikkje minst det samansette kjærleiks- og  samlivet. Motiva kretsar  ikring  eksistensielle spørsmål , men og frå det kvardagslivet han har rundt  seg , og frå tema i tida som engasjerer han.
På utstillinga finn ein kunstuttrykk frå  minst seks  temaområder:  - Kvinne/mann, kvinner, menn, strandliv, natur, portrett  og humor.  Som kunstnar syner han både sine meir alvorlege sider og humoristiske. Utanom mange naturalistiske ,syner han og ein del abstrakte bilete.

Vandvik fortel om kunsten sin i boka  «Atelierdøra på gløtt», som Lise-Marte Vikse Kallåk har skrive om kunstnarane på  Haugalandet: Her eit par utdrag frå eit lengre intervju med Vandvik:

Ved siden av jobben som kulturarbeider, har Vegard Vandvik alltid tegnet og malt.
Billedkunst var noe jeg ville og måtte drive med fra tidlig ungdom. Så snart anledningen byr seg tar han fram tegneblokka. På reiser og ferieturer, kafeer og konferanser. Inne som ute. Ofte med familien som motiv. Ute i naturen har han tegnet gamle bygninger, trær og steinformasjoner. Mennesker og dyr. Spontane inntrykk og ideer blir fanget.

Videre: Jeg har nok brukt kunsten til å få bedre balanse, sier han, og tar meg med ned i atelieret i kjelleren. Der er en bokhylle med dagbøker og skissbøker fulle av notater og tegninger. Inntil veggene står innrammede malerier, ferdige tegninger og påbegynte skisser.

Flytting kan skape store endringer:  Jeg flyttet i 2003 fra Haugesund til Suldal  i Ryfylke og endringen førte umiddelbart  og ukontrollerbart  til at jeg beveget meg fra rent sort/hvitt til fargebruk, fra små format til større, fra naturalistisk til abstrakt. Jeg har gått fra mer tradisjonelle tegneredskaper som blyant og kullstift, har jeg benyttet mer og mer egne tegneredskaper smidd i tre som har gitt meg et bedre samsvar mellom mitt temperament og mine uttrykk. Trepinnene og tusjen og større format  har gitt meg en større frihet til å arbeide spontant og ekspresjonistisk.

Jeg veksler nå mellom naturalistisk og abstrakt form og det gir meg et vekselbruk jeg liker godt. Jeg kan arbeide med konkrete motiv som å fange situasjoner på reiser eller på kafé , eller hus med sjel, men som regel arbeider jeg mest med fantasien, om det som kommer fra underbevisstheten.

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr
Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 46906043/53748000

Opningstid
: Galleri og kafé er åpent alle søndager kl. 11-16
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS