spacerMeny spacer
spacer
   

Venche Høvring til Ryvarden i oktober

14375316_10153691412655807_940444217_o - kopi.jpg - Klikk for stort bilete

Oktober på Ryvarden - ein fantastisk haustmånad.
Og den gode kunststemninga på Ryvarden forsetter, i oktober med kunstnaren Venche Høvring og hennar håndkolorerte trykk og maleri.

Utstillinga vert opna søndag 02. oktober kl. 13.00

Utstillinga står til og med 30. oktober, og galleriet er ope alle søndager kl. 11-16

Publisert av Gunn Bente Håvardsholm. Sist endra 26.09.2016

Venche Høvring

Venche er frå Karmøy og bur nå på Ferkingstad. Og her er Venche i sitt rette element.
Når ho er ved sjøen, får ho inspirasjon til å male. Ho har trent seg opp til å fotografere med augene og kjenne lukter.
Ho er oppvokst ved sjøen, og når ho underviser sine elever, oppmodar ho om at dei ikke treng å finne opp kruttet på nytt. -  «Eg forteller at dei skal male det som er mest gjenkjennende i dei sjølv. Da blir det ærlig og ein kan stå for bildene som dei  har malt.», fortel ho.

Hun har arbeidet med under-visning, bl.a.gjennom Karmøy kunstskole, AOF- Haugesund og Haugesund Voksenopplæring. Dei seinere åra har ho drevet eigne kurs, b l.a. i olje og akrylmaling for voksne og barn.

Sin første utstilling hadde ho 1992 og siden har ho delteke  på en rekkje utstillingar, både separatutstillingar og kollektive utstillingar. Ho har vore med på mange utstillingar lokalt, men også ellers på Vestlandet som Bergen, Tysnes, Fjell, Sogn, Bømlo og Bekkjarvik.
Venche Høvring har også illustrert bøker, samt designet og illustrert flere CD-cover.
Høvring er innkjøpt av fleire kunstforeninger, kommuner, off. kontorer og banker.
Utsmykking på Snorre A, Snorre B og Troll C plattformene.

Bileta som vert utstilt på Ryvarden i oktober er både olje/akryl og håndkolorerte trykk.
Ein fin blanding av kystmotiv og anna grafikk med humoristisk snert.

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Ryvarden kulturfyr
Mølstrevåg Postboks 40
5559 Sveio
E-post : ryvarden@sveio.kommune.no
Telefon
: 46906043/53748000

Opningstid
: Galleri og kafé er åpent alle søndager kl. 11-16. I perioden 05. juli - 02. august, også onsdager og lørdager kl. 12-16
Last ned brosjyre
In English
In Deutch
Levert av ACOS AS